Mangt eg minnast 4

Litt frå boka:
-Eg vart fødd i 1946, på Leiknestangen i Hamre. Det døgnet eg vart sett til verda var ei travel tid for jordmora. Det kom til tre stykke i den vesle bygda. Først eg, og om morgonen etter ei jente, og til slutt ein gut. Så jordmora som hadde kome med båtskyss frå Tepstad, gjekk frå det eine huset til det andre.
-Kva var Knarvik i barndommen min? Ei fjøre som du segla forbi, der nokre sauer beitte, og der det stod ei einsleg hytte. Stigen mellom Isdal og Gjervik gjekk langt oppe i fjellet, og ingen svinga nedom fjøreknausane. Men når sant skal seiast, Knarvik hadde ei fin badevik, og ho var i bruk sommarstid. Du kom dit med båt, sjølvsagt . Folk hadde med mat og bada på den fine stranda.
-I dag kan du flyge Bergen -Orlando på 12 t og 5 minutt med Norwegian. Rasmus reiste i tolv dagar for å nå Bergen. Han brukte tog gjennom USA, båt frå New York til Southampton, tog til Newcastle og båt til Bergen. -På veg gjennom USA møtte hanslekt og vener som bad han helse til Noreg, og sende med gåver til sine i gamlelandet. Han ringde si kjære Beatrice eit par gonger, og siste gongen kunne ho fortelje at dei hadde blitt besteforeldre til ei lita jente, Jeanette Dorothy. Så tok han båten til England.
-Mor og far fekk nesten andenaud då den nye moten kom med holete olabukser. – Slikt gjekk jo ikkje an! Kleda skulle vera reine og heile. Det hadde vore barnelærdom i alle generasjonar. Du kunne ha bøter på plagga, men ikkje hol.
-Dei to store handelshusa Kløverhuset og Sundt hadde juleutstilling, så dit måtte vi ungane alltid. Kløverhuset hadde si utstilling mot Vågen, medan Sundt hadde si mot Strandgata.

Folk seier : – Slik var det. -Eg kjenner meg att -Godt og levande skrive. – Mye kunnskap om nær fortid.